Om oss

hr

Husflidstova syr etter mål og leverer ferdige bunader frå Nordhordland og Masfjorden til både kvinner og menn. Me syr også Sognebunad til kvinner.
Våre ansatte har lang erfaring og hjelper deg gjerne med å setje saman din eigen bunad. Husflidstova leverer kvalitetshandverk som i sin heilhet vert pordusert i våre trivelige lokaler på Ikenberget.

Me fører alt innan bunadsølv frå Sølvsmidja på Voss. Hos oss får du også kjøpt delar til bunaden, som f.eks skjorte, forkle, belte og bringeduk. Ønskjer du å sy bunaden din sjølv har me alt som trengs.
Me fører også kvalitetsgarn frå Rauma ullvarefabrikk til bunadsokker og sokkeband.

Husflidstova har også utleige av dåpskjole, dame og herrebunad frå Nordhordland og bruredrakt.

Vi reparerer de aller fleste bunader, ta kontakt med oss for vidare informasjon.

Bunad

Husflidstova er opptatt av å levere kvalitetsprodukt. Bunaden er klede som skal vare i generasjoner. Hos oss kan du få oppbevaringsposar med brodert navn og dato/år som kan dokumentere bunaden for ettertida.

Har du arva bunad, hjelper me deg å tilpasse kvart enkelt plagg.

Bestill gjerne time, slik at me har god tid til deg.

Me ønskjer at du som kunde får ei god oppleving!

Tilbehør

Husflidstova har alt av tilbehør til bunaden din. Du kan kjøpe ferdige delar eller materialer dersom du ønskjer å sy sjølv.

Me leverer alt innan bunadsølv frå Sylvsmidja på Voss.

Tilbehør

Husflidstova har alt av tilbehør til bunaden din. Du kan kjøpe ferdige delar eller materialer dersom du ønskjer å sy sjølv.

Me leverer alt innan bunadsølv frå Sylvsmidja på Voss.

Kontakt oss

Tel: 56 36 07 44 | Mail: post@husflidstova.no

Mandag – fredag 09:00 – 16:00 | Torsdag 10:00 – 18:00 | Lørdag etter avtale